


Do the right thing – do it with soul
BILL ELDER vokal/gitar CHARLES WALKER vokal CHRIS WEST saksofon/fløyte JON-PAUL FRAPPIER trompet DERREK PHILLIPS trommer CHARLES TREADWAY B3 orgel RICH BRINSFIELD bass
Soulmusikk er her for godt og kan framleis utvikla seg, noko som The Dynamites er eit levande prov på. Frontmann og legende Charles Walker prøver ikkje å imitera, etterlikna eller gjenopplive ei svunne nostalgisk tid. Han er soul – the real deal – og er framleis full av funky musikk frå seint sekstital på Apollo Theater der han varma opp for James Brown og Wilson Pickett. Med funky gitarar og sexy blås tar bandet for seg klassisk soul og legg til eit ekstra gir så fyllt opp av eksplosiv energi at du bør ha ein ide kvar den næraste hjartedefibrillatoren er.
http://www.thedynamites.net/
http://www.myspace.com/thedynamitesband