


Indierockikon med country, postpønk og jazz i bagasjen.
Hyperaktive Will Oldham har dei siste åra landa med Bonnie ”Prince” Billy-aliaset der han tryllar fram sårbare og kjenslevare songer inspirert av ein amerikansk folktradisjon, ispedd element og estetikk frå pønken. Den heile tida leikande og leitande musikaren kan minna om Nick Cave, Loudon Wainwright III, Ane Brun og Bob Dylan, tekstane poetiske, ofte alvorlege, andre gonger svært humoristiske. June Carter Cash likte ”I see a darkness” så godt at ho insisterte på at ektemake Johnny skulle spele inn ein coverversjon, medan vår eigen Susanna Wallumrød har turnert med han i Europa, forutan ei innspeling med den gamle Thin Lizzy-låta ”Jailbreak.”
På MySpace
På YouTube